Sider

onsdag 1. april 2009

Årets spøk????

Årets spøk for oss kunne vi lese på Svelgen.no



Kommunen legg ned kulturkontoret 01.04.2009

Som følge av Terra-saka har politikarane i Bremanger vedteke nedlegging av kulturkontoret i kommunen.

I ei pressemelding skriv rådmannen:

”Administrasjonen i Bremanger kommune har fått stor forståing for dei nedskæringane vi har funne naudsynte. Fleire av våre arbeidstakarar har arbeidd meir eller mindre utan vederlag for å få kommunen på økonomisk fote igjen. Men dette har diverre ikkje vore nok. Kommunen sin største utgiftspost er løn, og vi kan ikkje skjære ned på utgifter som rammar liv og helse. Difor ser vi oss nøydde til å legge ned kulturetaten.



Slik Bremanger kommune fungerer i dag har vi eit vell av frivillige hender som i hovudsak står for kulturformidling i kommunen. Etter vårt syn går dette like bra, om ikkje betre, utan eit kulturkontor. Bremanger kommune er ei trivselskommune, og i dette innebere det også formidling av ulik kultur.



Akkurat dette har vore bevist, gjennom gjerning, og gjer oss sikker på at innbyggjarane sjølve vil syte for – minst i like stor grad som før. Som ein kompensasjon for nedlegging av kulturkontoret har vi satt av ein pott på 500 000,- kroner som frivillige lag og organisasjonar skal dele. For at dette ikkje skal medføre administrative kostnader eller byråkratiske avgjerder, har vi bestemt oss for prinsippet ”først til mølla”. Dei fem første som ringer servicekontoret vil få tildelt 100 000 kroner. Desse må på førehand ha sendt grunngjeving pr mail eller fax”



Vi vonar innbyggarane i Bremanger kommune ser på dette som ei midlertidig løysing, og at kommunen snart vil stå som kulturformidlar igjen.”



I ein kommentar seier verksdirektør ved Elkem Bremanger, Steinar Talle, at han ser alvorlig på nedlegging:

”Kultur er ein viktig trivselsfaktor for våre tilsette, og ikkje minst eit viktig marknadsføringtiltak i arbeidet med å få etablert ein Solarfabrikk i Svelgen. Likevel er eg samd med politikarane i Bremanger. Kultur er ikkje noko som er livslaudsynt. Difor vil også Elkem Bremanger bidra for lag og organisasjonar i Bremanger – som eitt ledd i å få Svelgen til ein attraktiv tettstad og tildeler 10 000 kroner til dei som kommunen dei som kjem på andre plass. Send utfyllande mail til Steinar@elkem.no



Er jo ikke til å legge skjul på at vi fikk oss en god latter.... Og det er tydelig at Espen er godt likt. Han har fått ganske mange tilbud om jobb;) Hotellet sendte en spøk tilbake til svelgen.no. Der han skrev at det var en pressemelding. Kultursjef Espen Frøysland skulle starte i jobb som rockansvarlig hos de og det første de jobbet med var konsert til sommeren med Rolling Stones...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar